På grunn av dei store tapa på beite dei siste åra, og den ekstra belastninga dette har ført til for beitenæringa i Øystre Slidre, ønskjer fjellstyret å bidra med ein økonomisk eingongsstønad til Øystre Slidre sau- og geit, pålydande kr 25 000 som kan nyttast fritt i laget. 

Beitinga som blir utøvd av bruksberettiga gardbrukarar i Øystre Slidre er ein av dei viktigaste føresetnadane for, og framleis bevare det flotte kulturlandskapet, som vi forvaltar, med eit levande fjellområde.

Beitinga har i dette området vore gjort i generasjonar og har i alle år vore ein viktig resurs for gardane i bygda , og det må det fortsette og vere.

I dei seinare år har det vore store tap av spesielt sau i beiteområda. Det er dokumentert at det er freda rovvilt som står for storparten av tapet. Dette er ein stor påkjenning for dei røyrde.

For å symbolisere støtte til næringa, løyver fjellstyret eit beløp til Ø. Slidre sau- og geiltalslag. Ein håpar at det i framtida kan bli lettare og få tatt ut potensielle skadedyr i dette beiteprioriterte område, det vil igjen gjøre det å drive beiting med småfe i statsallmeninga meir meiningsfylt.

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp fiskekort via SMS

Kjøp direkte fra din mobil:
mobil 


inatur logo2 


nfs logo2
 

Kontakt oss:

Tlf: 61 35 25 48
Mob: 99 55 18 44
E-post: oystre.slidre@fjellstyrene.no
Kontordager: tirsdag og fredag

Adresse:

Øystre Slidre fjellstyre

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes