Ansatte
I forbindelse med årets siste fjellstyremøte som vart arrangert 9 desember på Grønolen Fjellgard, vart dei tilsette i fjellstyret hedra under middagen for lang og tro tjeneste.
Alle tre fekk overrekt kvar si matkorg med lokalprodusert mat som ei takk frå det sitjande Fjellstyret.


Bilde: frå venstre; Reidar, Nina og Ivar. Foto: Ole kristian Oldre


Fjellstyreleder Ole Kristian Oldre skriv om dei tilsette:

"Det står respekt av dei tre tilsette som tilsaman har 77 års fartstid i Øystre Slidre Fjellstyre.

Daglig leder og fjelloppsyn Reidar Gran har jobba for fjellstyret i 35 år. Sesong fjelloppsyn Ivar Skattebu kan sjå tilbake på 22 år, og sekretær Nina Thon har 20 års fartstid. Alle på same arbeidsplass.


Reidar er vel ein av dei som kjenner statsallmenningen i Øystre Slidre som sin eigen" bukselomme". Han har vore med og forvalta og sett utviklinga som har skjedd i disse fjellområda, gjennom alle desse åra.

Han sitter inne med veldig mye kunnskap om forvaltning av blant anna, jakt, fiske ,m.m. Mye av kunnskapen sin har han satt i system og laga statistikk og dokumentasjon som er svært interessant og ta vare på. Han er engasjert og eg vil seie at han har jobben som ein livstil.

På landsbasis er Reidar kjent som ein habil kar med mykje kunnskap og erfaring, og er fleire gonger blitt spurt til råds av andre fjellstyrer . Han har også delteke i arbeidsgrupper o.l i samarbeid med Norges Fjellstyresamband.

Ivar er tilsett som sesong fjelloppsyn og jobbar mest i sommarhalvåret, han er i tillegg til og være oppsyn ein nevenyttig kar som held vedlike fjellstyrets buer, båter, bruer, stiger m.m.

Nina har kontroll på det administrative og har faste kontordager på Tingvang, der svarer hun på telefoner og er med og halde kontrollen over post og papir.

Som styreleder i Øystre Slidre Fjellstyre vil eg seie at dette trekløveret jobber godt saman og utfyller kvarandre på ein god måte.

Vi i Øystre Slidre Fjellstyre vil atter ein gong få takke for innsatsen og samarbeidet så langt og ser fram til fortsatt godt samarbeid."

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp fiskekort via SMS

Kjøp direkte fra din mobil:
mobil 


inatur logo2 


nfs logo2
 

Kontakt oss:

Tlf: 61 35 25 48
Mob: 99 55 18 44
E-post: oystre.slidre@fjellstyrene.no
Kontordager: tirsdag og fredag

Adresse:

Øystre Slidre fjellstyre

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes