Fjellstafett kopp 2016

Dei som har gått 10 toppar eller fleire, og levert utfylt logg til kommunen, kan no hente premien sin i resepsjonen på Tingvang. Denne gongen er det eit krus med logo på eine sida og foto av Øystre Rasletinden på andre sida. 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ny kopp i år

Oppsummering av Fjellstafetten 2016

  • Talet på namn i bøkene:  16115
  • Namna fordelar seg slik:
  1. Øystre Rasletinden 1827
  2. Melbysfjellet 1530
  3. Stryteberg 1187
  4. Godtumen 964
  5. Kjølafjellet m start Sælsstølshøgda 1336
  6. Gravfjellet, høgste punkt 1460
  7. Sælifjellet 950
  8. Fullsennknatten 1163
  9. Gapahuken ved Kjølen (frå Lien) 693
  10. Rognlifjellet 887
  11. Rundemellin 2833
  12. Kælvemellin 1285

Fjellstafetten vart i år arrangert for femtande  gong. Det er fjortande gong vi registrerer kven som har gått ti toppar eller fleir. I år var det stor deltaking med totalt 16115  namn i bøkene.  508 personar har vore på ti toppar eller fleir.  Desse får ein kopp med motiv frå Øystre Rasletinden i premie.

  • Dei som no har delteke i Fjellstafetten i fem år og vore på alle toppane kvart år, får ei blå t-skjorte. Dei som har delteke i 10 år og vore på minimum 10 toppar kvart år, får ei raud T-skjorte.
  • Det er trekt ut 30 tilfeldige namn frå bøkene. 15 av dei får ei kartmappe med kompass tilsendt i posten og 15 får ein turkopp i premie.
  • Lidar skule er vinnar av skulekonkurransen med 125  poeng i gjennomsnitt per elev. 
  • Tingvang barnehage er vinnar av barnehagekonkurransen med 109 poeng pr. barn over 3 år.

Vinnarane av skule- og barnehagekonkurransen får kvar si skiferplate med motiv frå Øystre Rasletinden måla av Lynn Hege Røyne Myrvang. I tillegg får Lidar skule sitt elevråd eit gåvekort på kr. 1500 og Tingvang barnehage eit gåvekort på kr. 500 til kjøp av aktivitetsutstyr.

 

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp fiskekort via SMS

Kjøp direkte fra din mobil:
mobil 


inatur logo2 


nfs logo2
 

Kontakt oss:

Tlf: 61 35 25 48
Mob: 99 55 18 44
E-post: oystre.slidre@fjellstyrene.no
Kontordager: tirsdag og fredag

Adresse:

Øystre Slidre fjellstyre

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes