Fjellstyret forvaltar to eigedomar, som heng saman og  utgjer omlag 57 % av Øystre Slidre kommune:

Øystre Slidre statsallmenning (ca 497 000 daa):
 I 1909 slo høgsterett fast at dette fjellområdet var statsallmenning. Etter lange rettsforhandlingar blei grensene for statsallmenninga fastsett av høgfjellskommisjonen i 1937.

saur
Eit parti av allmenninga sett ifrå Saur, mot nord. Skaget bak til høgre, Jotunheimen  til venstre i bildet.


Heimdalen (ca 53 000 daa).
Dette  er ikkje ei allmenning, men ein eigedom som staten kjøpte av private eigarar i 1952. Stortinget fylgde opp sin lovnad frå den gongen, i 1982, nemleg å føre Heimdalen tilbake til lokal forvaltning.  Med nokre unntak, gjorde stortinget vedtak om at Heimdalen skulle forvaltas etter fjellova. Dvs. at fjelltyret har de same oppgåver her som i statsallmenninga. 

heimdalen-sommer


















Heimdalen sett mot aust. Gluptindane, Kvednhøe og Gråhøe i bakgrunn

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp fiskekort via SMS

Kjøp direkte fra din mobil:
mobil 


inatur logo2 


nfs logo2
 

Kontakt oss:

Tlf: 61 35 25 48
Mob: 99 55 18 44
E-post: oystre.slidre@fjellstyrene.no
Kontordager: tirsdag og fredag

Adresse:

Øystre Slidre fjellstyre

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes