Småviltjakt Skriv ut E-post
dod-rypeStatsallmenninga og Heimdalen er varierte områder i høgdelaget 900 - 2000 moh., godt egna for småviltjakt.

I perioden 15.9. - 15.10. er all småviltjakt regulert. Dei som ønskjer å jakte i denne perioda må søkje om det innan 1. april. Det enklaste er å bruke søknadsskjemaet som du finn i menyen på venstre side. Søknader som kjem inn etter 1. april registrerast ikkje.
Dei mest vanlege jaktbare småviltartane er:  Lirype, fjellrype, hare og orrfugl. Andre arter jaktes i liten grad.

Fjellstyret har inndelt jakta i tre grupper for utanbygds jegere:

 
Fuglejakt med hund:
Den fyrste månaden frå 15.9. - 15.10. er allmenninga delt inn i 6 periodar. Dei tre fyrste (i september), fordelast jegerane i jaktfelt. Mens dei tre siste periodane i oktober ikkje har jaktfeltinndeling. Fjellstyret kan åpne for salg frå og med 16. oktober. Dette avgjøres etter taksering. 

Harejakt med hund:
Jakttid 1.10.-23.12. Valfri jaktperiode.

Småviltjakt utan hund:
Jakttid 15.9.-23.12. Fram tom. 15.10. blir det selt eit avgrensa tal jaktkort, som det må søkjast om. Frå 16.10 er det fritt kortsalg

Rutinar for tildeling av jaktkort finn du her.

Fleire detaljer om reguleringar finn du her: jaktregler og i sentral forskift om "Jakt, felling, fangst og fiske i statsallmenning"

For å ha eit fagleg fundament for forvaltninga av småviltjakta har fjellstyret laga ein driftsplan for småvilt.