Startside Småviltjakt Tildelingsrutinar
Tildelingsrutinar Skriv ut E-post

Øystre Slidre statsallmenning ligg lett tilgjengeleg for befolkninga på austlandet. I kommunen er det ein bevisst tilrettelegging og stor satsing på turisme i nærområdet til statsallmenninga. Mange menneskjer er sterkt knytt til området og vil gjerne jakte her.

Øystre Slidre fjellstyre er bevisst på at viltressursane må forvaltast slik at det også i framtida kan drivast jakt. Ein følgje av dette er at talet på jegerar må regulerast, i tillegg til andre reguleringar, som avkorting i jakttid og avgrensing av tal på vilt den enkelte jeger kan felle. 

I avgrensa periode 15.9. til og med 15.10, må det søkjast om jaktkort. Følgjande rutinar gjeld:

  • Søknadsfristen 1. april må overholdast.
  • Det er mange fleire søkjarar enn dei som tildelast jaktkort.
  • Alle nye jegerar må difor rekne med å søkje i fleire år før dei får jaktkort
  • Deretter rullerast alle jegerar på like vilkår
  • Fuglejakt med hund er mest etterspurt og har lengst ventetid, deretter småviltjakt utan hund og harejakt med hund
  • Alle jegerar får svar innan 1. juni
  • Tildeling av jaktkort er enkeltvedtak etter forvaltningslova og kan påklagast