|
I år er det 9. året Fjellstafetten vert arrangert. Postkassene med bøker ligg ute i perioden 27. juni til 10. oktober.
Nye turmål i år er Skaget og Saurshøgda.
Bildet: Skaget frå Nørre Trøllåsen
"Fjellstafetten" starta opp i "Fjellas år" i 2002 med målsetting om å få lokalbefolkning og dei som er her på ferie, ut på tur, og bli kjende i fjellet. Fjellstafetten er gjennomført kvart år etterpå, og er nå ein svært populær aktivitet om sumaren.
Årets turmål: -Rundemellin - start Turrsjøen -Saurshøgde - start Sørre Trøllåsen -Rabalsmellin start Vangsjøen Fjellstue -Melbysfjellet - start Bjelbølsstølen/Grønåsvegen -Gravolskampen - start Båtskaret/Garli -Kjølafjellet - start Heimre Kjølastølen -Skaget - start Storeskag -Javneberget - startVinstervegen v/Storemyr -Brummaknatten - start heimre Kjølastølen, alt. Brummastølen -Fisketjednnuten - start Vandrehjemmet
Informasjonsfolder vert sendt til alle husstandar i veke 25/26. Den er også å finne på Sebu Bil, Fjellstyrekontoret, Turistinformasjonen på Beitostølen og i resepsjonen på kommunehuset Tingvang. De kan og laste den ned her.
Hugs å ta med kart og kompass når du ferdast i fjellet.
Premie til alle som har besøkt alle 10 turmåla.
God tur!
Last ned:
Folder med turmål 2010
Kart Melbyfjellet
Mellane natur- og kulturinfo Oppsummering av Fjellstafetten 2009
|