Fiske

Vinsteraure på 1,5-2 kg på gytevandring i ein tillaupsbekk til Vinstre

Vinsteraure på 1,5-2 kg på gytevandring i ein tillaupsbekk til Vinstre

I statsallmenninga og Heimdalen er det tilsammen omlag 80 fiskevatten og tjedn som utgjer omlag 31 000 da vassareal i høgdelaget 850 til 1500 m.o.h.  Det er ingen større elver innanfor allmenninga, men omlag 10 mil med fiskeførande bekker og åer.

Fiskearter er typisk for nordre del av Valdres med reine aurevatten og nokre få vatten med abbor. Ørekyta som i stor grad er innført av sportsfiskere fra 1950 og fram til vår tid, er etablert i dei fleste vatna våre.

Det er bra med fisk i alle vatten i allmenninga. Fiskebestanden i dei fleste vatna har middels tettleik av fisk med god kvalitet. For dei som ikkje er kjend i området kan vi anbefale følgjande fisketurar:

  • Saur, ca 45 min. gange frå Tansberg eller frå grustaket ved Trøllåsen.

  • Skagstjedne, ca 1 time gange frå Storeskag.

  • Skreddalen, 4 vatn like ved bilveg.

  • Flytjedne og Fisketjedne på Valdresflya.


    Last ned
    Fiskeguide for Øystre Slidre Statsallmenning

Fiskereglar

Alle som siste året har vore og framleis er fast busette i Noreg, skal ha lik rett til å drive fiske med stong. Fiske med garn, line og oter er med få unntak berre tillate for dei som siste året har vore og framleis er fast busette i Øystre Slidre.

Unntaket gjeld at det no er opna for at utanbygdsbuande kan løyse fiskekort for fiske med oter i 6 vann. Dette kortet gjeld også stongfiske i heile allmenningen og kan berre løysast  på inatur.no. I tillegg er det opna for eit begrensa antalt kort/dag for fiske med oter på Vinstre. Dette kan også berre løysast på inatur.no

Fiske med stong er tillate heile året, med eit unntak: I bekker og åer er alt fiske freda i tida 15. september til og med 25. oktober.

  • "Stangfiske"-kort gir rett til fiske med inntil 2 stenger/håndsnører/pilkestikker i Øystre Slidre Statsallmenning og den delen av Heimdalen som ligger i Øystre Slidre.

  • "Stang- samt oterfiske"-kort gir samme rett til å fiske med stang, men gir i tillegg rett til å fiske med oter i Rjupetjednet, Urektjednet, Perstjednet, Storetjednet i Skreddalen, Stortjednet ved Skaget og Sanddalstjedn.

  • GRATIS fiskekort for ungdom t.o.m. det året de fyller 20. Gjelder både innen- og utenbygdsbygdsboende.

  • "GRATIS" stangfiskekort for bevegelseshemmede. Gjelder både innen- og utenbygdsboende. Fiskekortet er gyldig sammen med kopi av personlig parkeringstillatelse for bevegelseshemmede.

  • Fiskeplassen skal forlates ryddet. Fiskeavfall skal graves ned eller fjernes pga fare for spredning av parasitter.

Last ned Fiskereglar for Øystre Slidre Statsallmenning

Kjøp av fiskekort

Fjellstyret har følgjande ordningar for kortsalg:

  • I forretningar, turistader m.m. alle utsalgssteder

  • Selvbetjeningskort på infotavla i Heimdalsmunnen, ved stien ned til Øvre Heimdalsvatnet og i Sandbakkbue.  

  • Med bruk av mobiltelefon.

  • Kjøp på inatur.no

Viggo Sandvik i Vazelina Bilopphøggers har gjort "fisking i Valdres" til eit omgrep. Rettighetseigare i Valdres har fylgt opp dette med eit felles fiskekort for ein del fiskelokalitetar i heile valdres. Se eigne nettsider

Det finnast mange organiserte fiskekortområder utanfor allmenninga i Øystre Slidre. Dei fleste av desse er små med eit eller nokre få vatten. Eit unntak frå dette er hovedvassdraget nede i dalbotten som har felles fiskekort.

FANGSTREGISTRERING FOR VINSTRE

I Vinstre har det trolig vært fisk i flere tusen år og vatnet har hatt stor verdi for mange opp gjennom årene. Det er det største og viktigste vatnet for utøvelse av fiske i Øystre Slidre.

Vatnet ble regulert første gang på 1940-tallet med en seinere utvidelse i 1955. Det ble da satt ut fisk som kompensasjon for mulig tapt rekruttering. Opp gjennom årene har utsettingsantall og størrelse på fisken variert. Registrering av fangstutbytte har i den forbindelse gitt veldig viktig informasjon gjennom de siste 40 årene.

Vi sender hvert år ut fangstregistreringsskjema til både innebygds- og utenbygdsboende fiskere. Vi får inn ca 30-40 rapporter hvert år men ønsker oss flere. Har du fisket eller har du planer om å fiske på Vinstre så setter vi stor pris på din fangstregistrering.

*Er du utenbygdsboende og løser oterkort (antallbegrenset) for Vinstre? Da rapporterer du direkte på inatur.no (der du kjøpte kortet ditt)

*Er du utenbygdsboende og dorger (sluk, markdrag mm) eller fisker med oter på Melbyeiendommen? Da finner du rapportskjema HER

*Er du innenbygdsboende og fisker med garn/oter/stang/line/iskroker? Da finner du rapportskjemaet HER

Se brev utsendt til “våre fiskere” i 2024 HER. Ønsker du å stå på adresselista vår over “faste” fiskere så gi oss beskjed.

Har du lyst til å lese mer om bestandsforhold, fangstutbytte og utsettinger i Vinstre? Da kan du lese NINA Rapport 1637 HER

Særrettar og fiskekort

I Øystre Slidre statsallmenning er det fleire vatn som heilt eller delvis omfattast av privat eiendom eller særrettar.

§ 1 i Fjellova: "Rettar i statsallmenningane i kraft av særleg heimel går ikkje inn under lova"

Skindroåne og ei lita vik i Vinstre ved Skindro (Skindrofisket) er ein særrett i statsallmenningen

Private vatn som ligg innenfor allmenningens yttergrenser:

  • I Vinstre: Melby sameige og Hålien sameige (Vang kommune).

  • Øvre og Nedre Bjødnhølen

  • Fjelldokkvatnet

  • Veslevatnet, Midtvatnet og Høvssjøen

Fiskekort og fiskereglar:

Alle desse rettane er anten eigedomsvatn, eller særrettar som er knytt opp til ein eller fleire eigedomar i bygda. Dei som innehar desse særrettane skal ikkje løyse fiskekort eller følgje fiskereglane for Øystre Slidre statsallmenning, når fisket går føre seg innanfor område der retten gjeld. Derimot må dei følgje sentrale forskrifter med heimel i "lov om laksefisk og innlandsfisk".

Det finns ingen andre særrettar til fiske i Øystre Slidre statsallmenning enn desse som er nemnd her. Dvs. at alle andre må løyse fiskekort før fisket tek til, og følgje fjellstyrets fiskereglar.

Fiskekortet er ikkje betaling for "rett" til fisket. Men er ei avgift som jf. forarbeida til Fjellova av 1975, skal gå til "administrasjon", "fiskekultur" og "fiskeoppsyn". Det er fjellstyret som administrerar bl.a. fiskeretten i statsallmenningen. Rett til fisket er heimla i Fjellova, og den betalast det ikkje noko for.

Utlån av båter

Fjellstyret har lagt ut tre båtar til gratis bruk. Ein ved Rjupetjednet, ein ved Stortjednet aust for Skaget og ein i Storetjednet i Skreddalen. Båtane brukast på eige ansvar. Det står oppslag på stedet om bruken, 4 flytevestar ligg i ei kasse ved båten og er meint skal brukast. Eit tilbod som dette er avhengig av at alle brukarar tek hensyn til utstyret og at ingen legg beslag på båten over lengre tid. Fiskeplassen skal forlates ryddet. Fiskeavfall skal graves ned eller fjernes pga fare for spredning av parasitter.

Båtane vil ligge ute i perioden fra ca. 25. juni til ca.15. september (værforbehold). Ved feil eller mangler ved utstyret, kontakt fjellstyret tlf 61 35 25 48  mob. 99 55 18 44

Båt ved Storetjednet i Skreddalen

 

Båt ved Rjupetjednet på Valdresflye:

 

Båt ved Stortjednet nord-aust for Skaget:

 

UtlEIE av båt

Fjellstyret har en båt til utleie ved Tansbergfjorden. For booking og mer info se her

båt2.jpg
 
 
 
Skjermbilde båt tansberg.JPG

Oterfiske i Vinstre

Vi selger dagskort for oterfiske i Vinstre, max 5 pr. dag. De som har med egen båt kan bruke båtutsettingsplass ved stølen "Sanddalen" som ligger langs Jotunheimvegen, og ved "Skindro" som ligger i enden av Vinstervegen.

Det er lov å bruke båtmotor med inntil 10 hk i Vinstre.

Stang og oterfiskekort

Fiskekort for Innenbygdsboende