Fjellstyret
Fjellstyrene skal administrere bruken og utnyttinga av rettar og "lunnende" i statsallmenningane. Rammene for fjellstyrets virksomheit er fastsett i Fjelloven § 3. Fjellstyrets primæroppgåver er å administrere bruksrettane dei bruksberettiga imellom, ta vare på dei bruksberettiga sine interesser i allmenningane og syte for at statsallmenningane blir brukt på ein best mogeleg måte for allmenningsbygdene. Forvaltninga skal skje på ein måte som tek omsyn til naturvern- og friluftsinteressene, og fremje næringslivet i bygda. Statskog administrerer grunneigarrettigheitene i statsallmenningane.
Hovudsakeleg er ansvar mellom fjellstyret og Statskog fordelt på fylgjane måte:
Fjellstyret administrerer støls- og beitebruk, jakt og fiske
Statskog administrerar grunndisponeringar som hytteområde, vegar, grusressursar, skog/ved, grenser o.l.
I Noreg er det 94 fjellstyrer. Desse administrerer størsteparten av dei høgareliggande skog- og fjellområdene i Sør- og Midt-Noreg. Norges fjellstyresamband (NFS) er ein interesseorganisasjon for fjellstyrene. Du kan lese meir om fjellstyrene og fjellstyresystemet på heimesidene til NFS