Elgjakt

elgtransport.jpg

Det er i hovudsak elg som jaktast i Øystre Slidre statsallmenning. Alle jaktlaga har tilgjengeleg ei kvote på hjort også men det er hittil ikkje felt nokon.

Fjellstyret administerar elgjakta i statsallmenninga, som er inndelt i 8 jaktfelt.  Informasjon om elgjakta i Øystre Slidre statsallmenning finn du på inatur.no. Det er ny kontraktperiode 2024-2027.

Alt jaktbart elgterreng ligg mellom 900 og 1200 moh. Kvotene dei siste åra har vore 2-3 dyr på kvart jakfelt årleg. 

Ledige jaktfelt lysast ut i april med søknadsfrist 2. mai. Utlysing og søknad skjer via internett på inatur.no, og der blir det også lagt ut informasjon om og kart over dei ledige jaktfelta. Det er ein felles søknadsprosess på all ledig elgjakt på statsallmenning i Sør-Noreg.