Friluftsliv

isfiske-barn.jpg

Allemannsretten til fri ferdsel i utmark står svært sterkt i Noreg. Vis omsyn for beitedyra, viltet og naturen. Retten til fri ferdsel gjeld ikkje med motoriserte kjøretøy.

Både sumar og vinter er allmenninga mykje brukt til friluftsliv, også utanom jakt og fiske. Vi har område som er tilrettelagde med merka stigar om sumaren og skiløyper om vinteren, Vi har og store område som ikkje er tilrettelagde, men som likevel er lette å ferdast i. Her kan du søkje fred og ro.

Barn under 16 år har rett til å fiske utan å betale avgift (innlandsfiskeloven § 18). Øystre Slidre fjellstyre har utvida denne retten til å gjelde barn og ungdom fram til og med fyllte 20 år.

Det er bandtvang for hund frå 1. april til 30. september. Med "bandtvang" meines at alle hundar skal vera haldast i band eller væra forsvarleg innestengd i heile perioden. Det er m.a. unntak for politihundar og gjetarhundar under arbeid. Bruk av hund under lovleg jakt og jakthundtrening er tillate. Regelen handhevast av oppsynet.

Treffer du på sau i fjellet i oktober, eller skadde beitedyr som skulle vore frakta ned til bygda, kan du ringe: 90 92 63 39

 

Turkart for Øystre Slidre

Turkart i målestokk 1:50 000 over Øystre Slidre og omland får du kjøpt i dei fleste butikkar, bensinstasjonar og turiststader. Se oversikt her.

Du kan også bestille ved å sende oss en e-post. Kartet koster kr. 249, det er tosidig og det er trykt på vannfast papir.

Området som kartet dekker er markert med rødt. Kartet er tosidig.

Området som kartet dekker er markert med rødt. Kartet er tosidig.